Sosiale medium

Bø i Telemark
33
13°C
 

Dato

Sundag 21. juli 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

SLUTT PÅ SOMMARTID

Klokke

Hugs å stille klokka. Natt til søndag klokka to skal klokka bli stilt tilbake ein time. Foto: Hilde Eika Nesje

 

Natt til søndag er det slutt på sommartida. Da skal me stille klokka ein time tilbake. Det betyr at me går mørkare kveldar i møte. Justeringa skjer klokka to. Ein god hugseregel for om ein skal stille klokka bakover eller framover er at på hausten lengtar ein tilbake til sommarferien og stiller klokka ein time tilbake. Om våren ser ein framover mot sommarferien, og stiller derfor klokka ein time fram.

 

Søkjer om mindre utbygging

Betre og billegare. Midt-Telemark energi har trekt det største forslaget til kraftutbygging i Oterholtfossen og søkjer konsesjon til ei ny mindre utbygging. Administrerande direktør Jon Arne Mørch Jonassen meiner det er meir miljøvenleg og har betre økonomi

Betre og billegare. Midt-Telemark energi har trekt det største forslaget til kraftutbygging i Oterholtfossen og søkjer konsesjon til ei ny mindre utbygging. Administrerande direktør Jon Arne Mørch Jonassen meiner det er meir miljøvenleg og har betre økonomi

 

MTE trekkjer søknaden om den største utbygginga i Oterholtfossen og søkjer om ei mindre. I den skal vatnet kome ut att i elva ovanfor dei viktigaste områda for elvemusling og fisk.

– Me såg etter høyringsrunden at det var ein del motstand. Det tok me til etterretning, seier administrerande direktør Jon Arne Mørch Jonassen.

Les meir i papiravisa eller kjøp av avisa på buyandread.com

 

 

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje