Sosiale medium

Bø i Telemark
06
22°C
 

Dato

Fredag 23. august 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Sakna mann funnen omkomen

Sea king-helikopter var med i leitinga etter den sakna mannen i 30-åra. Foto: Kanalen

Mannen som var sakna frå ein båt på Norsjø laurdag er funnen omkomen. Han blei funnen nokre meter under vassflata, melder Politiet i Sør-Øst på Twitter. Etterforskinga så langt tyder på at båten kjørte inn i ein fjellknaus.

Mannen i 30-åra skal ifølgje Kanalen ha vore busett i Bø.

Han blei meldt sakna frå ein båt som gjekk ut frå Ulefoss brygge natt til laurdag med to personar om bord. Laurdag vakna ein person aleine i båten, som dreiv på Norsjø. Båten hadde store skader.

Sea king-helikopter, Midt-Telemark brann og redningstjeneste og Røde Kors bisto politiet i søket. Det blei leita etter mannen i heile området mellom Ulefoss og Akkerhaugen, og det blei også leita på land etter teikn på samanstøyt.

Den sakna sin mobiltelefon blei funnen på land av personell som deltok i søket. Like ved fann dei vrakrestar som var stemde overeins med den aktuelle båten.

Den sakna blei funnen i Norsjø omlag kl. 16.30 laurdag, rett sør for Ottersnesodden, melder politiet.

Tid for festival

Telemarkfestivalen. På Husly spelte i dag Ragnhild Furholt trio lunsjkonsert. Foto: Øystein Akselberg

Den 30. Telemarkfestivalen er sparka i gang. I går kvled var det Øyonn Groven Myhren og Bugge Wesseltoft med band som samla fullt hus på Bø hotell. Det fortsett med quis og konsert med Vicent Cross på Bull Inn. I dag var det fin konsert med Ragnhild Furholt trio på Husly. Nå går det slag i slag utover dagen. Klokka 16 er det dansefest på torget og ikkje minst Jubileumskonsert kl 19 i Gullbring. Vidare utover kvelden skal svenske Väsen og Celtic Roots Ensemble med blant anna Knut Reiersrud og Tuva Syvertsen på scena, også det i Gullbring.

Opningskonsert. Festivalen opna med konsert med prosjektbandet Nordjordet med Øyonn Groven Myhren og Bugge Wesseltoft i spissen. Foto: Øystein Akselberg


Skyttarane i gang på Landsskyttarstemnet

Til finalen. Lars Fredrik H. Hansen (i midten), Sauherad Skytterlag, under feltskyting.

Foto: Dag Robert Hansen, Landsskytterstevnet 2019

Årets Landsskyttarstemne er i gang. Martin Knutsen frå Bø vart nummer to i Stang for junior. Det vart ikkje kongelag for Inge Hvitås.

I år er landsskyttarstemnet på Evje i Agder, og det pågår denne veka. Det er mange øvingar og klassar, og nokre er skyttarar alt ferdige dersom dei ikkje har kvalifisert seg for finaleskyting.

God plassering

– Eg kunne ha skyte betre, men det heldt til ein andre plass, seier Martin Knutsen.

Han skyt i juniorklassen. Dersom poengsummen hadde vore høg nok kunne han ha kome til finalen i Stang-skyting, men det gjekk ikkje i år.

Han har hatt høgare poengsum i år. Knutsen er ikkje tilfreds med skytinga i bane- og felt-klassen.

Hans O. Sætra Erikstein frå Bø skyt i klasse to blant seniorane. Han opplyser at han er debutant i grovfelt og hadde ikkje så store forventningar, men han kom seg til finalen og er fornøgd med det. Finalen går fredag.

Sætra Erikstein fekk 26/13 i feltskyting. Onsdag gav det ein 56. plass i klassen.

Sætra Erikstein fekk også femte plass i klassen sin i felt hurtig og Stang. han fekk 10,91 sekund i felt hurtig og 17 treff i Stang

Fleire finaleplassar

Det er fleire frå Sauherad som har kome seg til finalar.

Inge Hvitås klarte ikkje å kvalifisere seg til kongelaget, men Dag Robert Hansen frå styret i Sauherad Skytterlag, seier at han har kome seg til finalen i Stang. Hansen meiner at det er i den klassen han har gjort det sterkast.

– Inge skaut veldig bra, også på bane, men han datt nokre poeng slik at det ikkje vart finaleplass. Men han er ein harding i Stang, seier Hansen.

Flinke ungdommar

Sauheard Skytterlag har også med fire juniorskyttarar på årets Landsskyttarstemne. Det er Caroline Eriksen Kisfoss, Lars Eivind Hustveit, Lars Fredrik H. Hansen og Marius B. Svanlund.

– Tre av dei er i finalar. Det er veldig bra, seier Hansen.

Felt og bane

Svanlund har kvalifisert seg til finalen i felt. Her hadde han resultatet 29/20. Det vil seie 29 i treff og 20 i innertreff.

Eriksen Kisfoss og Hansen er i finale i baneskyting. Dei hadde resultata 248 og 247 poeng.

Hustveit og Svanlund hadde her respektive 239 og 241 poeng.

Fornøgde

Hansen fortel at ungdommane sjølve er delvis fornøgde, litt ut frå korleis dei har gjort det tidlegare.

– Caroline er veldig godt fornøgd. Lars Fredrik er ikkje så fornøgd. Han har skote blant landets beste i år og vore blant dei fem beste i Noreg, forklarar Hansen.

Han seier at Lars Fredrik Hansen er litt skuffa over at han ikkje gjorde det betre på Landsskyttarstemnet.

Dag Robert Hansen fortel at det er god stemning på stemnet i Evje. Det praktiske fungerer greitt, men han er litt skuffa over at NRK ikkje  følgjer opp dei unge skyttarane betre i år.

Lange tradisjonar

Det ha vore arrangert Landsskyttarstemne sidan 1893. Det er det Frivillige Skyttervesen som står bak arrangementet.

Det er eit stort arrangement. Det er gjerne samla over 4.000 skyttarar, enkelte år opp i 7.000 som konkurrerer med våpen.

Det blir fyrt av rundt 500.000 skot kvart år, ifølgje arrangørane. Det blir konkurrert med rifle og det er ei rekkje klassar og disiplinar.

Konge og dronning

Dei som vinn dei konkurransen får tittelen Skyttarkonge eller Skyttardronning avhengig av om det er kvinne eller mann som vinn. På Landsskyttarstemnet konkurrere nemleg menn og kvinner på lik linje i same klassar.

Hovudkonkurransane er bane, felt, Stangskyting og felthurtigskyting. Det blir også konkurrert i lagskyting. Stangskyting er kalla opp etter oberst Hans Georg Jacob Stang og innført som øving i 1912.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje