Sosiale medium

Bø i Telemark
07
1°C
 

Dato

Torsdag 21. november 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

200 på Luciamorgon

Historia om Lucia. Korskulen sette stemninga med vakker song og spel på Luciadagen. Foto: Martin Stærk

 

Morgonfrisk Lucia-konsert

200 morgonfuglar var på beina klokka 07.00 i dag, onsdag 13. desember. Det er Luciadagen, og Korskulen i Bø inviterte til konsert og frukost i kyrkja, der mellom anna 20 sju- og åtteåringar hadde overnatta frå i går til i dag. Faklar langs heile Kyrkjevegen lyste opp den kalde desemberlufta og sette stemninga før den grytidlege morgonkonserten. Der fekk ein også høyre historia om Lucia.

 

Bokfestivalen i full gang

160429 Bøker i Bø

På Akademika fredag las Edy Poppy og Tam Cy Albert frå «Farvel eventyrland» som er Alberts debutroman. Foto: Gro B. Røiland

Bøker i Bø er i full gang, med litterære arrangement frå tidleg til seint. Fredag føremiddag las Edy Poppy og Tam Cy Albert frå «Farvel eventyrland» på Akademika, der mellom 30 og 40 tilhøyrarar var møtt fram.

Boka, som er Alberts debutroman, er skriven på engelsk og gjendikta til norsk av bøheringen Edy Poppy.

Forfattaren har budd i Bø i to periodar og henta mykje inspirasjon til romanen her. Sjølv om hovudkarakteren i boka ynskjer seg langt vekk, likte Albert seg godt i Bø. Han kallar boka ei kjærleikserklæring til bygda.

Bøker i Bø held fram til og med sundag.

Les meir om litteraturfestivalen i neste utgåve av Bø blad.

Olav den Heilage i Gullbring

160330-Olavdenheilage

Anders Kvåle Rue si teikning av Olav den Heilage i Flatøybok.

Professor Torgrim Titlestad trur Olav den Heilage kom til verda i Sauherad. Dette kan ein høyre meir om når Titlestad kjem til Gullbring kulturanlegg måndag 4. april. Tema for foredraget er Olav den Heilage, tida han levde i, korleis han var og kor han kom frå.

Titlestad, som har forska på vikingtid og er ein av dei som jobber med omsetjing av islandske Flatøybok, byggjer på informasjon frå Flatøybok når han trur vikingkongen var frå Sauherad. Teorien blir underbygd av lokale segn.

Midt-Telemark seniorlæring er arrangør, og foredraget er ope for alle.

 

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje