Sosiale medium

Bø i Telemark
33
14°C
 

Dato

Tysdag 21. august 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Okse på langtur

 

Sjølvfanga. Oksen gjekk til slutt inn i ei inngjerding av eigen fri vilje. Politi og brannvesen kunne berre late att grinda.

 

 

 

Måndag morgon vart det oppdaga ein telemarkokse på tur på Langkåshaugen. Han har blitt observert både beitande på plengras og medan han kosa seg med eple.

Etter at oksen tok til å følgje etter skuleelvar på veg til skulen vart politiet kontakta. Halvor Tveitan frå politiet opplyser at dei vart varsla rundt klokka halv åtte, men venta litt med å rykkje ut.

Etter det Bø blad observerte var verken oksen eller skuleelevane skremde av det uvanlege møtet.

Etter kvart gjekk oksen inn på tunet på Holmen gard ved sidan av Bø gamle prestegard og gjekk inn i ei inngjerding av eigen fri vilje. No hadde representantar for brannvesenet og politiet kome og dei kunne berre late att grinda og vente på eigaren. Det er Magnus Skogen. Han kunne fortelje at oksen gjekk på beite saman med kyr på Skogen gard ved Brenna. Korleis han hadde kome seg til Langkåshaugen visste han ikkje.

– Det er den snillaste guten, sa Skogen om oksen.

Oksen verka veldig roleg og hadde ikkje synlege skadar etter ferda. Skogen fortel at han har vore korte turar utanfor gjerdet før, men no blir han sett på eit meir utbrotsikkert beite.

Varmt vatn i Gullbring felles mål

Varierande temperatur. Åste Prestrud (t.v.), Olav Midtbø og Karin Ree fortel at temperaturen i Heithølen varierer og det er eit problem.

 

 

Slit med varmen i Heithølen

 

Revmatikarlaget er redd for å misse tilbodet om varme bad i Gullbring. Dei tilsette i Gullbring har som mål å oppretthalde tilbodet, men slit med gammalt anlegg.

 

– Me er redde for tilbodet i Gullbring etter det me har lese om den økonomiske situasjonen til kulturanlegget. Varme bad handlar om livskvalitet for oss.

Det seier tre representantar for Bø og Sauherad Revmatikarlag, Olav Midtbø, Åste Prestrud og Karin Ree.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa.

 

Konsertar i kø

Opningskonserten. Ånon Egeland (t.h.) og Mikael Marin spelte vakker, men trist musikk på opningsfestivalen.

 

 

I dag held Telemarkfestivalen fram med blant anna konsert med Ånon Egeland og Mikael Marin. På Bø torg er det eigen torgfestival med mange ulike salsbuer og konsertar.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje