Sosiale medium

Bø i Telemark
03
23°C
 

Dato

Fredag 23. august 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Gullbring-sjef har sagt opp jobben

Dagleg leiar i Gullbring kulturanlegg, Katharina Berg Skomedal, sa i går opp stillinga si som dagleg leiar i kulturanlegget. Skomedal blei fast tilsett i leiarstillinga 1. mai i år, etter å ha vore konstituert i stillinga etter Espen Raastad sidan 1. august i fjor. Opprinneleg vart ho tilsett som marknads- og arrangementsansvarleg i Gullbring 1. januar 2018.

– Eg har fått ein ny og spennande jobb som passar meg perfekt, med oppgåver som eg likar veldig godt å halde på med, seier Skomedal, men ho vil ikkje ut med kven den nye arbeidsgjevaren er. Ho understrekar at ho ikkje visste om denne mulegheiten da ho takka ja til fast stilling som Gullbring-leiar tidlegare denne månaden.

– Eg kjem til å sakne dei gode kollegaene mine i Gullbring og folk i Bø svært mykje, seier Skomedal.

Ho ønskjer ikkje å kommentere om dei turbulente tidene og den krevjande økonomiske situasjonen i kulturanlegget har noko med jobbskiftet å gjere. Skomedal har tre månaders oppseiingsfrist i Gullbring-anlegget.

SLUTTAR I GULLBRING. Dagleg leiar i Gullbring, Katharina Berg Skomedal, har sagt opp.

Arkivfoto, Bø blad
Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje