180301-Lundteigen-

Debatt om ny landbrukspolitikk

Kjem. Per Olaf Lundteigen, senterpartipolitikar og tidlegare leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, kjem til Bø for å diskutere ny landbrukspolitikk. Foto: Foto: Peter Mydske, Stortinget

– Landbruket når ikkje måla

Telemark Bonde- og Småbrukarlag arrangerer eit ope møte om ny landbrukspolitikk. Fleire stortingspolitikarar kjem, blant anna Per Olaf Lundteigen og Nils Kristen Sandtrøen (Sp).

– Det er mange mål i norsk landbrukspolitikk som me ikkje når, som landskapspleie. Dessutan blir det produsert for mykje sauekjøt, grisekjøt og mjølk. Små bruk blir lagt ned og jord går ut av drift. Me må finne alternativ, seier Jan Phillips Olsen i styret i Telemark Bonde-og Småbrukarlag.

– Den framtidige forsyninga av matvarer både nasjonalt og internasjonalt er truga av klimaendringane, samstundes som regjeringa utfordrar både Stortinget og store delar av landbruket med ein politikk som styrer matproduksjonen bort frå små bruk i distrikta og over til store bruk i meir sentrale område. Telemark tapar på denne utviklinga, meiner leiar i småbrukarlaget, Kari Tellefsen frå Vinje.