Sosiale medium

Bø i Telemark
07
1°C
 

Dato

Torsdag 21. november 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Eige bilag om netthandel

Unge med nye handlevanar. Næringsmagasinet har sett på korleis våre nye nettvanar endrar samfunnet. Bøjentene Ida Manheim Sundby (f.v.), Erle Nesje, Amalie Dalen og Maria Ladiszlaidesz (alle 15 år) har heile verda som butikk frå smarttelefonane sine. Kva gjer folk sine nye nettvanar med framtidas lokalsamfunn i Bø, Nome og Sauherad?

Bø blad og Kanalen kjem i dag ut med felles bilag, Næringsmagasinet. Tema er denne gongen netthandel og elles eit blikk på fleire verksemder i Bø, Nome og Sauherad. Me ser på kva ein aukande netthandel kan få for verknader for både folk, lokalsamfunn, eksisternade fysiske butikkar og viktige møteplassar i nærmiljøet vårt.

Næringsmagasinet har besøkt ei rekkje næringsdrivande og butikkar: Kledebutikken Victoria & Henrik, profileringsbedrifta Rett Profilering, Lunde Bok og papir, Sønstebøtunet, Ulefoss Senteret, nettbutikken Proshop, Brukås sport, frukt- og bærutstyrsleverandøren Fimex og Søve AS. Me har også snakka med fire bøjenter om det å handle brukt på «Tise».

Me ønskjer alle god lesning om eit viktig tema i Bø blad i dag.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje