150226-Bø-Handelspark-Kjell-Aage-Verpe-og-Åge-Haugen-3

– Ein kulturskatt me bør behalde i kommunen


Utvikle området. Kjell Åge Verpe meiner området rundt Gullbring bør uviklast i samarveid med universitetet.

– Eg er redd for å selje ut Gullbring. Det er ein kulturskatt me bør ha eigarskap til i kommunen.

Det seier Kjell Åge Verpe. Investoren i Bø har kasta seg inn i kampen om Gullbring kulturanlegg. Det var avisa Varden som først skreiv om saka.

Verpe peikar på at Bø kommune har vore kåra til Noregs kulturkommune og årleg  kjem høgt opp på kulturindeksen. Han meiner Gullbring har ein varig verdig og at kulturanlegget også er viktig for at folk flytter til Bø.

– Du seier til Varden at du meiner området rundt Gullbring har stor verdi?

– Det er viktig å få utvikle campusområdet, å få til ei utvikling i samarbeid med universitetet, seier Verpe.

Han meiner universitetet betyr mykje for bygda.

Verpe ser ikkje for seg utbygging av bustader eller handel i området rundt Gullbring.

– Eg trur på kompetansekontor. Eg trur ting kjem til å endre seg i næringslivet og at kontor kjem til å bli viktig, seier Verpe.

Han understrekar at det vil ta litt tid.

Verpe seier at han ikkje har lagt fram konkret bod på Gullbring, men at han har dialog med kommunen.

Torsdag kveld er det eit møte om Gullbring på Bø ungdomsskule. Då er gruppeleiarar i dei ulike partia og Bø og Sauherad er inviterte. Det vil bli representantar for universitetet, Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge, Gullbring og Bø kommunale eigedomsselskap til stades.

  • Fakta: Kjell Åge Verpe
  • Totalt 38 roller i norsk næringsliv
  • Dagleg leiar og ein av eigarane i Bø Handelspark som har bygd ut for Biltema og Carlsen og Fritzøe.
  • Sentral i utbygginga av bustadfeltet i Nordbøåsen.
  • Medeigar i fleire butikkar
  • Tidlegare eigedomsmeklar hjå ABCenter  og banksjef i Sparebanken Sør.