180511-Sauherad-Syngande-kommune-25-b

Ein syngande kommune

Sang over vegen. Ein gong i året tek 300 elevar ved Sauherad skole turen over, det vil seie under vegen til bygdeheimen. Der syng dei saman med barnehagebarn, dei som bur på bygdeheimen og andre som er nær.

– Ta songen tilbake

Jorid Vale meiner songen høyrer til i kvardagen og lærer oss språk. Ho ser på bånsullen som den første språkopplæringa og at songen er noko av det siste som når inn ved livets slutt.

Ho har sjølv opplevd at song har nådd barn som nettopp har kome til landet og ikkje kan eit ord norsk og at songen når inn til folk som er i ferd med å døy.

– Tenk om me kunne møte kvarandre med ein song. Folk skin opp når dei høyrer song, då møter me folk med godsida, seie Vale.

Les meir i papiravisa eller eavisa på nett.