180419 Batterijakt på Folkestad

Elevane vil ha batteria dine

Fjerde klasse på Folkestad skule har så langt samla inn 104 kilo hushaldningsbatteri. Foto: Gro B. Røiland

Fjerde klasse på Folkestad skule vil ha batteria dine. Elevane har kasta seg med på Batterijakten, ein landsomfattande konkurranse i regi av Miljøagentene.

Elevane kan jakte på batteri fram til 29. april, og lærar Monika Espedalen seier dei gjerne tek imot batteri på skulen. Så langt har dei samla inn over 104 kilo og ligg på tredje plass av sju skular i Telemark fylke.

Det er hushaldningsbatteri, ikkje bilbatteri og liknande, elevane samlar inn. Miljøorganisasjonen Miljøagentene står bak Batterijakten, og det er nå 335 skular som deltek i jakta.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no.