OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Endrar råd til hundeeigarar

Mattilsynet endrar på tidlegare råd det har gjeve til hundeeigarar.
Illustrasjonsfoto: Bø blad

Mattilsynet opphever nå rådet om å unngå nærkontakt mellom hundar. Resultata frå den omfattande kartlegginga ein har vore igjennom tyder på at sjukdomen ikkje smittar lett mellom hundar.

Veterinærinstituttet meiner at det ikkje er ein konkret fellesnemnar mellom alle dei registrerte tilfella med sjukdom ein har hatt på hundar i det siste. Instituttet understrekar i ei pressemelding at sjukdomsutviklinga kan skuldast fleire samanfallande faktorar.