Sosiale medium

Bø i Telemark
38
15°C
 

Dato

Sundag 21. juli 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Epleblomsten overtar Telejuice

Samanlagt vil dei to selskapa ha ei omsetning på 35 til 40 millionar kroner og produsere over 1,5 millionar liter eplejuice. Arkivfoto: Øystein Akselberg

Epleblomsten as overtar Telejuice as. Fruktpresseria i Sauherad blir dermed samla under ei leiing og blir størst i landet på eplemost og eplejuice.

I ei pressemelding frå Epleblomsten blir det opplyst at dei to selskapa etter planen skal fusjonere ved neste årsskifte.

Til saman vil selskapa stå for mellom 50 og 60 prosent av all norsk friskpressa eplemost og eplejuice som blir selt i daglegvarehandelen.

Overtakinga vil medføre endring i eigarskapet til presseria. Telefrukt as, som er eigd av epleprodusentane (45 prosent), Bama (45 prosent) og Gartnerhallen (10 prosent), kjøper 50 prosent av Epleblomsten as.

Den andre halvparten beheld Sveinung Sauar som blir arbeidande styreleiar for Epleblomsten as og Telejuice as.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på nett.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje