190919-val-forhandlingsmøte-10-

Er einige om politisk plattform

Einige: Dei er eininge om ei politisk plattform til å styre Midt-Telemark kommune etter. Per Atle Einan, Ingebjørg Nordbø, Siri Blichfeldt Dyrland, Evy Beate Stykket og Torstein Haukvik.


Sp, MDG, V, KrF og SV i Midt-Telemark er einige om ei politisk plattform for samarbeidet i kommunen i komande fireårsperiode.

Senterpartiet (Sp), Miljøpartiet De Grønne Venstre (MDG), Kristeleg Folkeparti (KrF) og Sosialistisk Venstreparti (SV) har alt samarbeidd om valet av ordførar, varaordførar og leiarar og medlemmar i utval. No har dei også signert ei politisk plattform.

I planen heiter det blant anna at  det er eit overordna mål å sikre god og ansvarleg økonomisk styring av kommunen der ein realiserer gevinsten av samanslåinga av dei to kommunane.

Partia er einige om at det er skulebygg som skal ha førsteprioritet når det gjeld større investeringsprosjekt.

Det grøne skiftet, næringsliv og arbeidsplassar, arealpolitikk og tidleg innsats er blant punkta i plattforma. Me kjem tilbake til saka i papiravisa.