Sosiale medium

Bø i Telemark
12
8°C
 

Dato

Fredag 21. september 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Få kvinner i leiarposisjonar

Kvinne og utvalsleiar. Kristin Ødegård Vestgarden (Venstre) er inne i sin andre periode som leiar i utval for helse og velferd i Bø kommune. Ho vil ha fleire kvinner med i politikken og trur mange har mykje å bidra med, også i leiarroller.

Det er langt færre kvinner enn menn i leiarposisjonane i både politikken og kommunale selskap. Kvinnene har berre to av ti leiarverv.

Bø blad har hatt ein gjennomgang av kjønnsbalansen i alle politiske forsamlingar i kommunal regi i Bø, samt alle selskap der Bø kommune er delaktig. Undersøkinga omfattar 197 posisjonar innan politikken og 183 posisjonar innan interkommunale selskap, aksjeselskap, interkommunalt samarbeid og andre. I politikken har me sjekka alle kommunale råd og utval, inkludert formannskap og kommunestyre. Undersøkinga omfattar såleis 380 posisjonar i Bø kommune.

Hovudkonklusjon, både i politikken og innan kommunale selskap, er at kvinnerepresentasjonen er rundt 40 prosent. Går ein lenger ned i materien blir skilnadane langt større. Innan politikken er det berre tre kvinner som sit i leiar- eller nestleiarverv, av i alt 15 slike verv. Det blir ein kvinneandel på berre 20 prosent. Tilsvarande er det berre tre av 17 styreleiarverv i kommunale selskap som er kvinner. Dermed er andelen 18 prosent.

Kristin Ødegård Vestgarden er ein av få kvinner i leiarroller. Les kva ho har å seie i dagens avis.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje