190703-HåkonAntonFagerås_inne1_fosteret_Foto_UnniIrmelinKvam_Vigelandmuseet_medbindestrek

Fagerås lagar jubileumsmotiv til 20-kroning

Vann konkurransen: Håkon Anton Fagerås vann konkurransen om å lage mynt med jubileumsmotiv for Gustav Vigeland.

Foto:Unni Irmelin Kvam / Vigeland-museet


Håkon Anton Fagerås frå Bø har laga bildet av Gustav Vigeland som er på ein 20-kroning i samband med at det er 150 år sidan bildehoggaren Vigeland vart fødd.

Noregs Bank inviterte fem kunstnarar til ein konkurranse om å utforme jubileumsmotivet til baksida av mynten som vart gitt ut i samband 150-årsjubileet for fødselen til bildehoggaren Gustav Vigeland. Noregs bank kallar det ein 20-krone sirkulasjonsmynt med spesialpreg. Vinnaren av konkurranse vart Håkon Anton Fagerås opphavleg frå Bø.

I alle livsfasar. Håkon Anton Fagerås har valt Gustav Vigeland medan han arbeider på statuen «Fosteret» som motiv for 20-kroningen.

Foto: Noregs Ban
k

Mynten vart utgitt 10. april i år. Vigeland vart fødd 11. april 1869.

Vigeland i arbeid

Motivet som Fagerås vann med er Vigeland medan han arbeider med skulpturen «Fosteret». Fagerås seier til My Newsdesk at han ønskte å vise Vigeland i arbeid og samtidig vise ein skulptur.

– Eg ville vise det med arbeid og produksjon fordi eg forbind arbeid med han. Vigeland hadde ein enorm arbeidskapasitet, heile livet hans var arbeid, seier Fagerås.

Bilethoggaren frå Bø seier ifølgje My Newsdesk at det mest opplagde ville vere å velje eit av Vigeland sine arbeid, men det ville han føle bare som ein designjobb. Han ønskte å tilføre nokon meir til mynten, i tillegg til å vise eit Vigeland-motiv.

Ein bruksmynt

Fagerås fortel at han alltid har hatt lyst til å arbeide med myntar. Han har laga minnemyntar tidlegare, men dette er ein bruksmynt. Det betyr at den kjem i hendene på veldig mange, og det er litt der fasinasjonen ligg, seier Fagerås.

Både Noregs Bank og Vigeland-museet ønskte å vise fram meir av kunsten enn «Sinnataggen» og «Monolitten» derfor var dei to veldig kjende monumenta ikkje aktuelle som motiv. «Fosteret» står også i Vigelandsparken, i Barneplassen.

Fagerås fortel at han har sett på alle bilde han kunne finne av Vigeland i arbeid for å forme ut motivet. Bildehoggaren likar å vise at Vigeland har motiv frå heile livsløpet til menneske og menneske i mange fasar, ikkje berre dei store og sterke.

Grivi på Bø torg

Fagerås arbeider innanfor den klassisk figurative tradisjonen. Han har blant anna laga monument over Roald Amundsen, portrett av Fridtjof Nansen, Henrik Ibsen og Barack Obama. I Bø står bysta han har laga av Gjermund N. Grivi, stortingsmannen og sorenskrivaren som har fått æra for at Sørlandsbanen går innom Bø, på Bø torg.

Tre bøheringar: Håkon Anton Fagerås (t.v.) vart vald til å lage byste av Gjermund N. Grivi. Her saman med dåverande ordførar Olav Kasland ved avdukinga.

Foto: Bø blad

Kongen på framsida

Noregs Bank opplyser at på framsida av 20-kroningen er det eit relieff av H. M. Kong Harald V sett frå høgre. Det er utforma av formgivar ved Det Norske Myntverksted AS, Ingrid Austlid Rise.