Telermark tingrett, Notodden
Telemark tingrett, Notodden FOTO: Gro B. Røiland

Far dømd for vald mot spedbarn

Grov mishandling. – Mishandlinga er grov både sett ut frå skadeomfanget og det at skadane er påført eit forsvarslaust spedbarn, står det i rettsboka. Arkivfoto: Aust-Telemark tingrett

 

Mor frikjend

Ein far er dømd til fire års fengsel for grov vald og mishandling på son sin på knapt sju veker. Han er også dømd til å betale han 200.000 kroner i oppreisingserstatning. Mor er frikjend.

Saka var oppe i Aust-Telemark tingrett på Notodden for to veker sidan.

Barnet frå Midt-Telemark hadde ei rekkje skadar då det kom til sjukehuset i Skien. Av rettsboka går det fram at ein ved sjukehuset i Skien meinte at skadane måtte stamme frå mishandling og det vart teke kontakt med Oslo universitetssykehus Ullevål for rettleiing. Barnet vart sendt til Oslo og Ullevål og det vart gjennomført fleire undersøkingar.

Ifølgje dommen kunne skadane ha vore fatale. Det har førekome dødsfall blant barn med mindre skadar. Fleire av dei sakkunnige sa at skadane på spedbarnet var noko av det verste dei hadde sett.

Retten fann det bevist utover ein kvar tvil at faren hadde utøvd grov vald mot spedbarnet ved fleire høve slik at det vart påførd skadane.

– Mishandlinga er grov, både når ein ser på skadeomfanget og på at skadane er påført et forsvarslaust spedbarn, står det i rettsboka.

Bø blad fekk ikkje kontakt med forsvarar, Hildur Strømhaug, torsdag.