Pris Simen Roheim Iversen

Folkemusikkpris til Simen Roheim Iversen

Folkemusikkpris. Guri Røsok frå Bø kulturnettverk delte ut pris til munnharpesmed og spelemann Simen Roheim Iversen under Bøkappleiken på Sandvin i ettermiddag. Foto: Øystein Akselberg

Bøkappleiken har vore i full gang sidan klokka 13 i dag, laurdag. Eit brekk i kappleiken blei det klokka 17 i ettermiddag då folkemusikkprisen i Heidi Løvlund Minnefond skulle delast ut. Guri Røsok tok ordet på vegner av Bø kulturnettverk og fortalte at i regi av fondet kan det delast ut pris til unge talent innan tradisjonsmusikk og tradisjonsdans i Bø og omegn. Prisen er på 10.000 kroner og skal gå til vidare opplæring og utdanning.

Den fjerde prisvinnaren i rekkja er munnharpesmed og spelemann Simen Roheim Iversen (24) frå Bø. Han har hatt ei lynkarriere som både spelemann og smed. Det heile starta med eit kurs hjå musikar Anders Røine for berre fire år sidan. Sidan den gongen har Roheim Iversen vunne landskappleiken i 2017  i munnharpespel. No går han fjerde året på folkemusikkstudiet på Rauland.

– Eg set stor pris på denne utmerkinga. Dette er moro og viktig for meg som utøvar, sa han og kvitterert med ein slått på munnharpa, ein setesdalsvariant av Fanitullen.