Forberg revy 7172

Forberg inntar revyscena

Revygjengen på Forberg. Her er gjengen samla under ei øving på Bø ungdomsskule. Det er også rundt ti unge med på revyen.

Komande helg er det tid for årets bygderevy. Det er Forberg som har stafettpinnen. Plottet for årets revy er God kveld-studioet i TV2, men sjølvsagt med Forberg-vri: Go kveld Bø, Forberg spesial. Publikum får vere med inn i studioet til Strikke-Dorthe. Der skjer det nok litt av kvart og det blir lova besøk frå Puttland til og med. At Hengebrua blir tema bør ikkje overraske nokon.

Revyen blir spela i Gullbring kulturanlegg komande fredag og laurdag.