Sosiale medium

Bø i Telemark
02
15°C
 

Dato

Måndag 16. september 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Førehandsstemmene er klare: Senterpartiet får flest

Opptelling av førehandsstemmer frå Bø og Sauherad. I kommunestyresalen på Akkerhaugen blei 1590 førehandsstemmer telt opp tidlegare i dag. Foto: Øystein Akselberg

Førehandsstemmene for Midt-Telemark kommune blei telt opp i kommunestyresalen på Akkerhaugen tidlegare i dag. Resultatet viser at Senterpartiet får flest stemmer av dei som har stemt på førehand. Dei foreløpige tala for den faktiske stemmeopptellinga i Midt-Telemark ser dermed slik ut klokka 21 på valdagen 9. september:

Førehandsstemmer 1590 stemmer:

Sp 29,5 % (+ 15,0 prosentpoeng)
Ap 20,1 % (- 6,8 prosentpoen
MDG 11,8 % (+ 3,4 prosentpoeng)
Høgre 10,0 % (- 0,1 prosentpoeng)
FrP 7,6 % (- 0,5 prosentpoeng)
Venstre 5,6 % (- 13,8 prosentpoeng)
KrF 5,5 % (- 3,4 prosentpoeng)
SV 5,3 (+ 1,4 prosentpoeng)
Rødt 4,7 % (+ 4,7 prosentpoeng

Førehandsstemming til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 starta måndag 12. august i Midt-Telemark kommune og varte fram til 6. september.

Knapt 21 prosent av dei som har stemmerett i Noreg har i år levert stemma si på førehand ifølgje nettstaden pollofpolls.no. Det er rekord for lokalval. Halvparten av førehandsstemmene var avgitt ved slutten av veke 35 ifølgje tablellar frå Valgdirektoratet. I Vestfold og Telemark stemte 51.593 personar på førehand, av 334.336 med stemmerett. Det er 15,43 prosent av innbyggjarane i det nye fylket.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje