web Lifjell 2. oktober 2018 første snø Vinterland

Første snøen på Lifjell

Vinteren nærmar seg. Slik såg det ut i skibakken i Vinterland på Lifjell i dag. Foto: Lifjell skisenter webcam.

At vinteren er i anmarsj fekk me eit teikn på i dag då snøbygene gjekk over Lifjell. I ellevetida la det seg eit kvitt dryss også på Jønnbu på Lifjell. På Lifjell skisenter sine sider kan publikum sjå korleis det ser ut i skibakken i Vinterland til ei kvar tid. Slik såg det ut rundt lunsjtider i dag.