Sosiale medium

Bø i Telemark
18
9°C
 

Dato

Fredag 21. september 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Frisk satsing på ny herrebunad

F.v. Elin Forberg, Tor Eilev Almankås, Torkjell Sletta og Tommy Olsson. Forberg er den som skal sy rundtrøyene hos Almankås framover. Foto: Øystein Akselberg.    

 

Brudgomsdressen etter Torkjell Gjermundson Reisjå har gjeve form til den nye rundtrøyebunaden Almankås nå sett i produksjon. Brudgomens barnebarn, Torkjell Sletta (72), har fått den aller fyrste.

– Me kallar den 001, seier Tor Eilev Almankås om bunaden Sletta nyleg kunne hente i Bø. Dette er den aller fyrste av det Almankås håper vil bli mange rundtrøyer sydd i Bø for sal.

Bunadsbedrifta har satsa rundt 250.000 kroner på å utvikle to nye herrebunadar i sortimentet, tufta på tradisjon og laga i eige hus. Det er snakk om to variantar av rundtrøyebunad som har vore i bruk i Aust-Telemark.

Almankås hyra inn Tommy Olsson, herreskreddar med erfaring frå tilverking av svenske folkedrakter og tilsett som kostymemakar på Det Norske Teatret. Han har sidan før jul hatt permisjon frå teatret i Oslo to dagar i veka for å jobbe med utviklingsprosjektet i Bø.

 

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje