Bø ungdomsskule FAU 3. desember 2018 5604

Fryktar framtidig brakke-skule

Ein skule på vent. FAU-representantane ved Bø ungdomsskule, Live Semb Vestgarden (f.v.), Heidi Elise Kvale og Lars Lyngdal krev strakstiltak for inneklima og at utbetring og utviding av skulen igjen kjem inn i kommunen sin økonomiplan.

FAU ved Bø ungdomsskule er svært bekymra for situasjonen ved skulen på Frivoll.

Situasjonen ved Bø ungdomsskule er prekær både når det gjeld plassmangel og inneklima. Neste haust må skulen gjere plass til enda ein klasse. det same skkjer huasten 2022 og 2023. Rektor bekreftar at da har dei ikkje plass i eksisternade bygg. I dag er allereie for liten plass til grupperom og arbeidsplassar for tilsette.
– Me ser med stor bekymring på at både planar og vedlikehald for ein forbetring av ungdomsskulen er satt på vent, seier leiar i FAU, Heidi Elise Kvale, og peikar på at planarbeidet for framtidas ungdomsskule rett og slett er fjerna frå kommunens økonomiplan og at det heller ikkje er sett av midlar til nødvendig vedlikehald.

FAU-utvalet er tydeleg på at utspelet ikkje er ei solo-sak frå Bø og at dei støttar engasjementet og kravet frå Gvarv om ein ny skule i Sauherad.

– I intensjonsavtalen for samanslåing av dei to kommunane står det tydeleg at det skal byggjast ny skule på Gvarv og at skulen i Bø må oppgraderast og få ein auka kapasitet, seier Kvale, og legg til at dette nå ser ut til å bli totalt neglisjert.
– Me forlangar at begge kommunane prioriterer grunnskulane. Forholda både på Gvarv og her på Bø ungdomsskule er under einkvar kritikk. Nå må politikarane ta tak, seier dei tre FAU-representantane.

Les meir om saka i vekas avis.