Bø arbeidssenter vedproduksjon 5743

Full fart i vedskjulet

Bø arbeidssenter vedproduksjon 5743

Likar arbeidet. Pål Mallesh Nordbø (f.v.), Toralf Bergskås, Bjørn Frode Asphaug og Endre Lund er svært nøgd med vintersesongen for vedproduksjonen ved Bø Arbeidssenter på Napastaa.

Avdelinga for vedproduksjon på Bø Arbeidssenter har hatt eit hektisk arbeidsår. Dei har produsert ved som aldri før, og ikkje minst arbeidsglede og eit godt sosialt fellesskap.

Nå ventar ei strid tørn med å produsere og få tørka ny ved som skal vere klar for sal og levering allereie i mai.

– Siste lass med tørr ved gjekk ut torsdag for ei veke sidan. Sesongen i år har vore ein stor opptur, med stor pågang frå folk som vil kjøpe ved. Me har levert 150 famnar ved til omkring 350 kundar, seier salsansvarleg Endre Lund, og karakteriserer året som ein rekordsesong.