Geir-sønstebø-150604-fs-20150601-05

Geir Sønstebø ut av Venstre

Geir Sønstebø saman med mangeårig partikollega Bergit Askildt Myrjord.


Geir Sønstebø melder seg ut av Venstre og Dag Sele trekkjer seg som leiar i Kristeleg Folkeparti i Hordaland. Begge på grunn av regjeringssamarbeid med Frp.

– Eg bestemte meg for eitt år sidan då partiet gjekk i regjering med Fremskrittspartiet (Frp), men eg har berre ikkje gjort noko med det.

Det seier Geir Sønstebø. Han sit for Venstre i kommunestyret i Bø og er også leiar i utval for plan, teknikk og næring. Sønstebø skreiv at han trekkjer seg i ein diskusjon på Facebook. Det handla om KrF som gjekk i regjering med Høgre, Fremskrittspartiet og Venstre i går. I debatten uttrykker Sønstebø respekt for måten avgått partileiar i KrF, Knut Arild Hareide, og stortingsrepresentant for KrF i Telemark, Geir Jørgen Bekkevold, har opptredd i kampen om kva veg partiet skulle gå.

Ikkje Frp-samarbeid

Sønstebø skriv at for resten av perioden i kommunestyret står han på Bø Venstre sitt program. Det er det han er valt inn i politikken på.

– Eg stod på stand i valkampen og sa at partiet ikkje skulle samarbeide med Frp. To månader seinare var samtalene i gang, påpeikar Sønstebø.

Dag Sele trekkjer seg

Forliket i går kveld som førte KrF inn i regjeringa gjorde også at Dag Sele trekkjer seg som leiar i Hordaland KrF. Det skriv NRK Hordaland på nett.

Sele budde i mange år i Bø og var aktiv KrF-politikar. Han seier til NRK at han trekkjer seg fordi partiet går inn i regjering med Høgre, Fremskrittspartiet og Venstre. Sele trekkjer seg også som kandidat til ein ny periode i sentralstyret til KrF.

– Hordaland KrF fortener ein leiar med tilstrekkeleg entusiasme. Eg fryktar at me går inn i eit prosjekt som dreg partiet i feil retning, seier Sele til NRK.

Sele var som sentralstyremedlem ein av dei som stemde imot regjeringsplattforma, men kom i mindretal. Ifølgje avisa VG var stemmresultatet 17-19.

Geir Sønstebø t.v. og tidlegare varaordførarar, Dag Sele (KrF) i formannskapsmøte i Bø.