skarphedin j15 NC 2019 nett

God start i Norway cup

Skarphedin på Norway cup. To jentelag deltek i årets turnering, begge i klasse J15. Foto: Skarphedin fotball

Skarphedin fotball har to lag med i årets Norway cup-turnering i Oslo. Begge er jentelag i klasse 15 år. Lag 1 starta med tap 1-3 mot Gol IL i går og møter Vålerenga fotball i kveld. Lag 2 har fått ein flott start med siger 4-2 over Torridal IL i går og 3-3 mot Ål IL i dag. Måla i dag blei skåra av Maria Ladiszlaidesz (2) og Julie Linnea Hellekås. Laget møter Sveio IL om puljesigeren i morgon.