Kardangfestival 2019 11. mai 2019 1325 Trine Roheim og Helene Braaten og Robin Hansen

God stemning på Kardangfestivalen

Kardangfestival 2019. Arrangørane Trine Roheim (t.v.) og Helene Braaten tok ein prat med festivaldeltakar Robin Hansen frå Sigdal. Han er på plass med sin Volvo 750 lastebil. Foto: Øystein Akselberg

Den fjerde Kardangfestivalen er godt i gang på Vefall i dag. Folk har strøymd til utover dagen og i tolvtida var det over 65 lastebilar og rundt 15 veteranbilar. Publikum kom på jamt og trutt. I går var det stinn brakke i Trallekaféen under konsert med Tom Jackie Haugen. I kveld spelar Vandringsmenn. Litt seinare i ettermiddag er det prisutdeling og kåringar. Dei driftige arrangørane er godt nøgd med festivalen så langt og opplever betre besøk av både deltakarar og publikum enn i fjor.

Mykje fine bilar og mange å snakke med bil om på Skarkevju på Vefall akkurat no.

Folk kosar seg ute på plassen mellom bilane.
I Trallekaféen går salet av burgerar og vafflar jamt. I hjørnet sit tre eldre karar frå Vest-Telemark. Kva dei pratar om? Det går sjølvsagt i historiar om folk og bilar i gamle dagar.