GRILLING ER LOV. Det er lov å grille i eigen hage, men ikkje lov med bål eller bråtebrenning utandørs.
GRILLING ER LOV. Det er lov å grille i eigen hage, men ikkje lov med bål eller bråtebrenning utandørs.

Grillbrannar for millionar

Farleg når det er tørt. Grilling, røyking og fyrstikker står bak mange brannar. Illustrasjonsfoto: Pixabay

 

Oppfordrar bønder til å fylle møkkavognene

Dei siste fem åra har det vorte betalt ut 20 millionar kroner i erstatningar for brannar som skuldast grill, fyrstikker og røyking i Telemark.

De er kommunikasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll, som har funne fram tal for kva det faktisk kostar å ikkje vise nok spekt for brannfaren. Erstatningar for 20 millionar kroner gjeld i sommarhalvåret dei fem siste åra. Voll oppfordrar folk til å følgje dei lokale råda og forboda.

 Fyll møkkavognene

For ei veke sidan innførte brannsjefen i Midt-Telemark Brann- og Redningsteneste totalforbod mot open varme utandørs. Forbodet gjeld også på tilrettelagde grillplassar og i hagen. Det forbodet gjeld framleis, det har så godt som ikkje regna sidan forbodet vart innført, derimot har sola skine og det har blåse.

Jan Thorsen i Telemark Bondelag oppfordrar bønder til å fylle tankvognene som dei brukar til å spreie møkk som ein ekstra beredskap dersom det starar å brenne. Han opplyser på Facebook at det er lokallaget i Holla som har kome med idéen.

Møte om brannfaren

Fredag 1. juni hadde fylkesberedskapssjef hjå Fylkesmannen, Jan W. Jensen Ruud, eit møte om brannberedskapen. Målet med møtet var gjensidig oppdatering om skogbrannberedskapen. Då vart et blant anna informert om nasjonal beredskap og beredskapen i Telemark. Meteorologisk institutt informerte også om vêrprognosane framover.