GRILLING ER LOV. Det er lov å grille i eigen hage, men ikkje lov med bål eller bråtebrenning utandørs.
GRILLING ER LOV. Det er lov å grille i eigen hage, men ikkje lov med bål eller bråtebrenning utandørs.

Grillforbod gjeld hagar òg

Nei, nei, nei. Det er ikkje lov å grille med kol i hagen. Det seier Midt-Telemark Brann- og Redning.

Ikkje lov med open elde i noko form

– Det er gjeve dispensasjon for gassgrill på verandaar og terrassar. Kolgrill i hagen er ikkje lov. All bruk av open eld er forbode.

Det seier Kai Lindgren, leiar for førebyggjande eining i Midt-Telemark Brann- og Redningstjeneste.

Hage er innmark

For to veker sidan sende brannsjefen i Midt-Telemark ut melding om at det er innført forbod mot bruk av open eld utandørs. Brevet, som ligg på heimesidene til kommunane, ramsar opp ein del ting som det ikkje er lov til som bål eller grill i standsone eller innmark, tenning av kaffibål, brenne hageavfall og liknande.

– Ein del meiner at det framleis er lov å grille i hagen. Kva er det ein kan gjere i eigen hage?

Det er lov å grille med gass på veranda og terrasse. Kolgrill er ikkje på nokon måte lov. Alle typar open eld, som små kokeapparat på gass kan heller ikkje brukast. Hage er også innmark, presiserer Lindgren.

Han opplyser at vedfyrte pizzaomnar og andre uteomnar heller ikkje er lov.

Litt kos er lov

– Me lempa på forbodet mot gassgrill fordi ein ikkje skal ta vekk all kosen. Familiar skal få samle seg og grille, men me bed folk vere veldig varsame, seier Lindgren.

Han legg til at dersom ein har spørsmål kan ein ringe, men det er ingen som får dispensasjon.

– Dersom magefølelsen ikkje er heilt god, la vere å grille, oppfordrar Lindgren.

Forbod må opphevast

Lindgren opplyser at forbodet vil gjelde til brannsjefen seier at det er oppheva.

– Det hjelper ikkje med litt regn. Det brenn i eit område i Skien, der er det varmt ein meter ned i bakken. Ein får ikkje sløkt varmen før det har regna eit par dagar, fortel Lindgren.

Når Yr sin indeks for skogbrannfare er på 70 er det veldig stor brannfare. Lindgren opplyser at torsdag var brannindeksen på 200.

– No er den over dobbelt så høg som veldig stor, me har ikkje noko definisjon for det eingong, seier Lindgren.

Han har aldri opplevd så stor brannfare i tida i Midt-Telemark Brann- og Redningsteneste.