Sosiale medium

Bø i Telemark
02
15°C
 

Dato

Måndag 16. september 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

– Ein million på taket

Stort solcelleanlegg. Gardsfolka på Tollehaugen på Vreimsida har investert over ein million kroner i stort solcelleanlegg på taket til driftsbygningen som husar 30.000 unge høner. Halvor Tollehaugen (i midten) rosar karane frå Bø Installasjon for god jobb; Oddgeir Torekåsa (t.v.) og Henning Gilde. Det vil ta over ti år før investeringa løner seg.

På Tollehaugen gard er det gjort ei grøn og framtidsretta investering. På taket til driftsbygningen ligg det 450 kvadratmeter solcellepanel.

På garden Tollehaugen på Vreimsida driv Halvor Tollehaugen og Berit Verpe Tollehaugen med oppaling av høner. Kyllingane er berre 20 timar gamle når dei kjem til garden frå ein produsent i Rogaland. På Tollehaugen blir dei fora og stelt i rundt 112 dagar før dei går ut til ei rekkje gardar for å produsere egg. Tollehaugen er ein av ti slike høneoppdrettarar på landsbasis. Produksjonen på Tollehaugen gjev elles arbeid for fire personar.

Stor investering

16. juni stod eit av dei største solcelleanlegga innan landbruket i Telemark klar til bruk. Det leverer straum til oppvarming, lys og lufteanlegg i driftsbygningen. Anlegget har to solcellepanel på taket av driftsbygningen, 160 kvadratmeter på austsida og 292 kvadratmeter på vestsida.

Anlegget har ein potensiell straumstyrke på 82,3 kW, som tilsvarer energibehovet for fire bustadhus på årsbasis. Anlegget har ein prislapp på rundt 1,2 millionar kroner inklusive moms og ein reknar med at anlegget vil løne seg innan ein 12-års periode.

Les meir om saka i dagens Bø blad.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje