Helle Friis Knutzen, Miljøpartiet De  Grønne
Helle Friis Knutzen, Miljøpartiet De Grønne

Gummigranulat i kommunestyret

Helle Friis Knutzen ville vite kor mange av Sauherads kunstgrasbanar som har gummigranulat av oppmalne bildekk. Arkivfoto: Gro B. Røiland

Kor mange av Sauherads kunstgrasbanar har fyllmasse av oppmalne bildekk, og er det iverksett tiltak for å beskytte mot avrenning til vassdrag og spreiing til området rundt?

Det var spørsmål Helle Friis Knutsen i Miljøpartiet De Grønne tok opp i ein interpellasjon i Sauherad kommunestyre nyleg.

Ordførar Mette Haugholt svara at det bare er Sauherad IL sin bane på Nordagutu som har kunstgrasdekke og granulat frå oppmalne bildekk. Det er ikkje iverksett tiltak for å hindre spreiing, men Sauherad IL har planar om å lage filter og sandfang, samt rist eller sluser i garderobe og på bane, for å fange opp gummigranulat på avvegar.