Sosiale medium

Bø i Telemark
12
11°C
 

Dato

Fredag 21. september 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Gunhild Egenæs heidra av Carnegies Heltefond

Blei heidra i kommunetyret i kveld. Mohammed Khair Bashir Enayed (t.v.) tok måndag kveld i mot diplom og gullmedalje for Gunhild Egenæs p.m. sin redningsdåd utført i samband med drukningsulykka i Seljordsvatnet 12. oktober 2017. Ordførar Olav Kasland stod for overrekkinga framfor Bø kommunestyre.

Carnegies Heltefond sin gullmedalje er tildelt Gunhild Egenæs p.m. som omkom i den tragiske båtulykka på Seljordsvatnet 12. oktober i fjor. Egenæs får belønninga for sin redningsdåd. Gullmedalje vert utdelt for den mest fortenstefulle redningsutøving kor det er særleg stor risiko for eige liv, eller at fleire blir redda under vanskelege forhold. Sist gullmedalje blir delt ut i Noreg var i 2010. Dette er såleis ein svært sjeldan påskjønning.

Det er Gunhild Egenæs sin ektemann, Mohammed Khair Bashir Enayed, som er mottakar av belønninga.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje