190516 Sverre Jacobsen 1

Håper mange søker kontingentkassa

Sverre Jacobsen med søknadsskjema som lag og foreiningar kan bruke for å søke støtte. Foto: Gro B. Røiland

Nå er siste frist for søke støtte frå den nyoppretta kontingentkassa i Bø og Sauherad. Kommunane har 160.000 kroner til disposisjon. Det er nok til 53 barn.

Det er dei frivillige laga sjølve som kan søke tilskot til medlemskontingentar som ikkje blir betalte.

– Laget skal vurdere om familien er i ein situasjon der den ikkje kan betale. Ordninga bygger på tillit, seier Sverre Jacobsen ved kulturkontoret i Bø.

Søknadane blir behandla i møte 3. juni. Fristen for å søke for vårsemesteret går ut 15. mai, men søknader som kjem inn før 25. mai vil bli tatt med. Til hausten er det ny runde.