Skogbrann Skjelbreidheia 12. juli 2018 Ingeborg Anni Vildalen

Har handtert 20 skogbrannmeldingar i Midt-Telemark

Brannen i Bø. Det brann godt i Skjelbreidheia i lia opp mot Østerli etter fleire lynnedslag torsdag 12. juli. Store mannskapsstyrkar og bistand frå brannhelikopter måtte til for å sløkkje brannen. Foto: Ingeborg Anni Vildalen

På fem hektiske dagar jobba Midt-Telemark brannvesen med sløkking av ni skogbrannar i regionen. Store mannskapsstyrkar var i aksjon.

I perioden 12. juli til og med 27. juli har Midt-Telemark Brann og Redning handtert ikkje mindre enn 20 varsla skogbrannar i Midt-Telemark-regionen. I elleve av tilfella har brannvesenet hatt fysisk arbeid i felten med sløkking av skogbrannane. I dei resterande tilfella har dei hatt mannskap ute på leit og kontroll utan at konkret skogbrann blei funne.

– Det har vore ein hektisk periode da det ei stund brann «overalt» i heile Telemark. Me i Midt-Telemark har vore så heldige at me har klart å stille med heile 35 av våre 40 deltidsbrannfolk i denne perioden, seier brannsjef Svein Ove Kåsa.

Midt-Telemark Brann og redning har i juli hatt ei dobling av mannskap på vakt som betyr at ein i regionen har hatt åtte brannfolk på vakt til ei kvar tid. Brannsjefen rosar innsatsen frå både eige mannskap, samt tilleggshjelp frå sivilforsvar, Røde Kors, brannhelikoptre og andre innsatsstyrkar.

– Med dette mannskapet har me klart å hindre at skogbrannane blei så store at dei ble uhandterbare, seier han.

Kåsa anslår at dei totale kostnadane for Midt-Telemark Brann og Redning kjem på 1,2 millionar kroner for handtering av utrykking og arbeid med skogbrannar i perioden 12. til 18. juli

I dagens avis kan ein sjå lista over alle dei 20 episodane om skogbrann i Midt-Telemark.