Sosiale medium

Bø i Telemark
02
15°C
 

Dato

Måndag 16. september 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Spretta sjampanjen i Bø

Har skrive sin første kontrakt. Svein Gunnar Mæland kunne dra fram eit godt smil da han i dag tidleg viste fram MSG Productions AS sin første signerte kontrakt. Foto: Øystein Akselberg

Gründerbedrifta MSG Production AS har seld sitt første anlegg for automatisk flyvask til eit selskap i Saudi Arabia. Kontrakten blei endeleg signert i går kveld og betyr at det første og svært så viktige salet er i boks. Kontrakten er etter det me kjenner til på rundt 150 millionar kroner. No skal MSG få på plass ein finansieringsplan før inntekter kjem inn i november. Selskapet skal også setje i gang jobben med å få fleire folk inn i bedrifta, både ved tilsetjing og innleige av folk.

Selskapet som har kjøpt den første vaskehallen heiter High Wings Aviation Company og har hovudkontor i kystbyen Jeddah i Saudi Arabia. Vaskehallen skal stå på King Khalid International Airport i hovudstaden. Maskina blir for fly av ein storleik på Boeing 737 og Airbus 320.

MSG Production AS har bak seg snart ti år sidan idéen om ei heilautomatisk maskin for avising og vask av fly oppstod hjå brørne Svein Gunnar og Glenn Stian Mæland i Bø. Selskapet er etablert med eigen hall på Geiteryggen i Skien.
Skisse over flyplassen som får verdas første heilautomatiske flyvaskemaskin frå gründerar i Bø. Illustrasjon: MSG
Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje