Sosiale medium

Bø i Telemark
38
15°C
 

Dato

Sundag 21. juli 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Hardingfelekamp om kongepokal

Ottar Kåsa er ein av fire bøheringar som konkurrerer om kongepokalen på Landskappleiken. Arkivfoto: Gro B. Røiland

Onsdag 26. juni startar Landskappleiken 2019 i Vågå i Gudbrandsdalen. Mange folkemusikarar og -dansarar frå Midt-Telemark er å finne blant dei påmelde til årets store nasjonale kappleik, som har rekordpåmelding i nyare tid. Det er i år 494 startnummer fordelt på 1620 deltakingar, noko som er 50 startnummer fleire enn på fjorårets landskappleik i Trysil og 90 fleire enn på Røros i 2017.

Kongepokalen går i år til vinnaren av Hardingfele klasse A. Sjansane er gode for at den gjeve pokalen kan kome til Bø. Blant dei 22 påmelde i klassa er fjorårets vinnar Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa, Lars-Ingar Meyer Fjeld og Torgeir Straand.

Mange andre klasser har også utøvarar frå vårt distrikt. Dette er midt-telemarkingane som deltar:

Dans hardingfele klasse A: Ingebjørg Bratheim Bø og Ola Narverud. Dans hardingfele klasse B: Tor Olav Norheim Kjøk og Margit Svendsen Torstveit. Dans hardingfele klasse C: Vilde Lerstang og Jon Inge Øverbø Særsland, Johanne Tufte Berge og Thea Myrjord Norheim med følgje. Lagdans senior: Nes nasjonale dansarring. Super-D: Kristian Hanto og Borghild Hardang-Hanto, dans. Hardingfele klasse B: Audun Rørmark, Gudrun Straand. Hardingfele klasse C: Sunniva Langås-Røiland. Lagspel senior: Spelemannslaget Bøheringen. Gruppespel junior: Bø juniorspelemannslag. Open klasse: Ottar Kåsa og Mattis Kleppen.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje