Nytt kyrkjekontor kyrkjeverje Martin Stærk

Herre i eige hus

Byggjer på Bøhaugen. Kyrkjeverje i Bø, Martin Stærk, på tomta til det nye kyrkjekontoret på Bøhaugen. Grunnarbeid pågår nå i regi av Telemark Grunn og betong (TGB). Det nye bygget skal ha tilkomst frå parkeringsplassen som ligg langs Kyrkjevegen. Foto: Øystein Akselberg

Bø kyrkjekontor skal bli herre i eige hus. I februar skal dei tilsette på kyrkjekontoret og kyrkjegardsstaben vere på plass i nytt bygg på Bøhaugen.

Bø kyrkjekontor har i alle år leigd lokale og har vore lokalisert ulike stader i Bø sentrum. I fleire år hadde dei tilhald i bankbygget til tidlegare Bø sparebank. No er det plassert i Liabygget lenger opp i Bøgata. Kyrkjegardstenesta har tilhald i det som er både kapell og bårehus på Bøhaugen. Her er det små og lite tenelege lokale.

Felles bygg

– Me ser fram til å samle heile staben som jobbar i Bø kyrkjelyd i eitt hus oppe på Bøhaugen, seier kyrkjeverje Martin Stærk.

Han legg til at det hastar å få betre garasje- og verkstadanlegg for kyrkjegardstenesta.

Grunnarbeidet til nytt hus er godt i gang på tomta som ligg ved Kyrkjevegen på bortsida av parkeringsplassen ved Bø kyrkje. Bygget blir ført opp i to etasjar, med ei grunnflate på 200 kvadratmeter. I hovudetasjen skal det vere seks kontorplassar, pauserom, kopirom, WC og lagerrom. Kontora er meint for Bø kyrkjekontor sine to prestar, kyrkjeverjen, ein sakshandsamar, organist og korleiar. I underetasjen skal kyrkjegardsdrifta ha tilhald. Her blir det garasjeanlegg, verkstad, kontor og garderobar.

– Det skal bli eit enkelt og funksjonelt bygg som skal ligge lågt i terrenget. Det får saltak, mørk låvekledning og mørk takstein, seier Stærk, og legg til at bygget får tilkomst frå parkeringsplassen. Budsjettet for bygget er på 8,75 millionar kroner inkludert moms.