Nett Brøyting på Numedalsbanen Foto Marin Birkeland Ulleberg

Høg snøberedskap på Sørlandsbana

Snørydding. Bane NOR har ein stor jobb med rydding av snø på Sørlandsbana i vinter. Foto frå  Numedalsbanen. Foto Marin Birkeland

Det er rekordstore nedbørs- og snømengder langs Sørlandet i vinter. Bane NOR reknar med det er ti år sidan sist det var så store snømengder og har alt av mannskap og maskiner ute for å ta unna.

Beredskapen består av over 100 mann og elleve snøbrøytemaskiner. Det blir frest og brøyta langs bana, planovergangar og plattformar blir rydda. Mange stader fører tung snø til at trær og greiner fell over sporet eller kontaktleidningane. Bane NOR har dei to siste årane brukt 34 millionar kroner på vegetasjonsrydding i område Sør, men når det kjem fleire omgangar med snø, kan ny vegetasjon leggje seg over spor og leidningar.