Hollane 1 mars 2013 2

Hopprenn på Hollane i morgon

Flott arena. Ved Hollane seter på Lifjell blir det i morgon arrangert skifestival med hopprenn. Det er venta god deltaking og mykje publikum. Foto: Øystein Akselberg

Hopprenn på Hollane

Interessa for morgondagens hopprenn på Hollane er stor. Ifølgje Facebook skal 50 personar delta og enda 165 er interessert.
– Eg trur det blir litt over 30 hopparar. Svenke Folkestad er også med, han er den siste storhopparen frå Bø, seier Tor Henning Forberg på vegner av arrangørane, og legg til at målet er å få folk til fjells og til Hollane.

– Me brenn for den plassen, seier Forberg.

I helga går altså Hollane skifestival på Lifjell av stabelen. Det er IL Høllen med kameratane Tor Henning Forberg og Gunnar Brekke Amundsen som står bak arrangementet der hovudattraksjonen er hopprennet laurdag.
Audun Gåra (IL Sandvoll) har bakkerekorden på 17 meter. I fjor vann Gåra med Tor Henning Forberg (Fisbu IL) på andreplass og Sveinung Verpe (Verpe IL) på tredjeplass. Arrangøren meiner bakken passar både for djerve og meir forsiktige hopparar.

I kveld blir det invitert  til «Høllen-kviss» for dei som overnattar. Hollane seter ligg åtte kilometer frå parkeringa på Jønnbu og publikum og deltakarar kan velje å gå på ski eller ta wiesel-transport inn.