Sosiale medium

Bø i Telemark
03
23°C
 

Dato

Fredag 23. august 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

IL Skade får granulat-pålegg

Granulat på avvegar. Slik såg det ut på Kåsabanen i Lunde under lokaloppgjeret mellom Ulefoss/ Skade og Skarphedin 16. mai. Her ser ein graulat i store haugar både i dreneringsgrøfter og ved kummane. Foto: Øystein Akselberg

Anleggsavdelinga i Noregs fotballforbund har vore på synfaring på fotballbaner i Midt-Telemark og blant anna sett på korleis gummigranulat blir handtert på kunstgrasbanene.

– Eg har ikkje skrive rapport enda, men IL Skade må rydde opp granulat som ligg utenfor banen på Kåsa i Lunde. Me skal i fellesskap finne gode løysingar for dette på sikt, seier anleggskonsulent Geirfinn Kvalheim i Norges fotballforbund.

Leiar i IL Skade, hovudgruppa, Mikkel Helweg, seier til Bø blad at idrettslaget på ingen måte er nøgd med forholda.

– Me er smerteleg klar over forholda og ventar pålegg om å rydde opp. På grunn av noko uheldige omstendigheiter blei mykje snø med granulat frest ut i skråningane utanfor banen og i dreneringsgrøftene, seier Helweg.

Helweg seier dei skal setje miljø høgare på agendaen og innføre rutiner som gjer at dei skal sikre granulatet mot å renne ut i dreneringa. Dei skal også byggje eit fast snølager for å få kontroll på granulatet.

– Me er ikkje stolte over dette og lovar å betre forholda, seier han.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje