180321-samfunnsplan

Inviterer til folkemøte

Arealplanleggar Kristin Karlbom Dahle inviterer til opne møte om samfunnsplan i ny kommune. Arkivfoto: Marta Kjøllesdal

Kommuneplanen for nye Midt-Telemark kommune skal ha ein eigen samfunnsdel. Utarbeiding av denne planen skal involvere alle innbyggjarar i Bø og Sauherad, og i den samanheng blir folk invitert til opne kveldsmøte over påske på Husly kafe og Akkerhaugen stasjon.

Tema for møta som er lagt til veke 15, blir bustad og helse, oppvekst og utbyggingsmønster og næring. Her kan folk uttale seg og kome med innspel til korleis dei meiner det skal vera i den komande Midt-Telemark kommune.