180524-kommunestyremøte-S

Ja til nettsal av øl

Fleirtal. Hans Sundsvalen (nr. to f.v.) fekk med seg fleirtalet i saka om nettsal av øl. T.v. Helle Friis Knutzen, Sundsvalen, Irene Lauvrak og Roar Bjerkgården. FOTO: Marta Kjøllesdal

Kommunestyret seier ja til at Joker Nordagutu kan selje øl på nett og køyre det heim til kunden.

– Då eg vaks opp var einaste måten å skaffe øl på å bestille ei kasse hjå kjøpmannen. Den fekk me dagen etter. Det minner meg veldig mykje om denne saka.

Det sa tidlegare ordførar Hans Sundsvalen, Arbeiderpartiet, i debatten om netthandel og heimkøyring av øl i kommunestyremøtet i Sauherad torsdag.

Sundsvalen fremja forslag om at butikken til Thorleif Høgstad, Joker Nordagutu, skal få lov å selje øl på nett og køyre ut til kundane. Utkøyring av drikkevarene skal skje i den tida butikken har lov å selje øl, og det skal vere kontroll av alder på kunden og at han eller ho ikkje er rusa.

Sundsvalen såg ikkje noko poeng i å spørje kva Bø meiner i denne saka.

Formannskapet har tidlegare sagt nei til å gje løyve no.