160114-Høgskolen-i-Søraust-Noreg

Ja til universitet

Ny logo. Det er stor sjanse for at høgskulen i søraust-noreg snar kan bytte ut logoen.

Berre godkjenning i statsråd står att

Nokut seier ja til at Høgskulen i Søraust-Noreg kan bli universitet. Då står det berre att å få endeleg vedtak i  Kongen i statsråd.

– Nokut gir full tilslutning også til måten me tenkjer på. Det å ta heile regionen i bruk, verdien av eit universitet ute i regionen, seier styreleiar for Høgskulen i Søraust-Noreg (HSN), Rune Nilsen.

– Dette er ei svært gledeleg nyheit, seier rektor Petter Aasen ifølgje nettsida til høgskulen.

Han veit enno ikkje kva dag saka kjem opp i statsråd.

Direktøren i Nokut, Terje Møreland, gratulerer høgskulen i ei pressemelding som vart sendt ut etter at vedtaket var fatta i dag, torsdag.

Mørland meiner at Høgskulen i Søraust-Noreg (HSN) har gjort ein stor innsats både i arbeidet med universitetssøknaden og besøket på institusjonen i fjor.

Les meir i papiravisa neste veke, eller eavisa same dag.