181101 jobzone Bente Kongsgård og Sarah Myrseth Lamø

Jobzone på leit i Bø

Personalkonsulent Sarah Myrseth Lamø (f.v.) og dagleg leiar Bente Kongsgård ved Jobzone Kongsberg ser mot Bø. Foto: Gro B. Røiland 

Bemanningsselskapet Jobzone er på jakt etter folk og oppdragsgjevarar i Bø og Midt-Telemark. I samarbeid med Nav inviterer dei arbeidssøkarar og alle andre interesserte til open dag på Nav torsdag 8. november.

– Dei som vil kan kome innom å helse på oss og vise kven dei er, seier Bente Kongsgård, dagleg leiar i Jobzone Kongsberg.

Avdelinga på Kongsberg opna i januar og dekker i tillegg til Kongsberg Notodden-området og Midt-Telemark. Norskeigde Jobzone er det tredje største bemanningsselskapet i landet med 40 lokalkontor.

– Me er størst innan bygg, anlegg og industri, seier Kongsgård som ser på Midt-Telemark som interessant område.

– Eg ser på mulegheitene for å vera ein dag i veka i området her, viss det er marknad for det, seier ho.