Sosiale medium

Bø i Telemark
03
23°C
 

Dato

Fredag 23. august 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Jonas opna pakke i Evjudalen

Jonas Gahr Støre (midten) likte det han fann i oppvekstpakka frå Midt-Telemark Ap. Her omkransa av Mette Haugholt, Arvid Hagen, Jon Halvor Svalbjørg og Karin Hagen. Foto: Gro B. Røiland

Midt-Telemark Arbeiderparti inviterte partileiar Jonas Gahr Støre til pakkeopning i Evjudalen, da han i dag besøkte Bø og lokallaget i Midt-Telemark.

I den såkalla oppvekst-pakka låg Midt-Telemark Arbeiderparti sine ti valløfte som skal gje barn og unge ein trygg og god oppvekst.

Bø var eit av fleire stopp på Gahr Støre sin valkampturné rundt i Telemark i dag.

– Det er stort for oss å få besøk av Jonas, me har gleda oss lenge, seier ordførar Mette Haugholt, som også er Aps ordførarkandidat i den nye kommunen.

– Det er stort for begge partar. Noko av det flottaste eg veit er å kunne møte partifolk lokalt rundt i landet, sa Gahr Støre.

Les meir om besøket i Bø blad neste veke.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje