Møllevegen 7. januar 2019 6480

Klagar på ny Mølleveg

Dagens Mølleveg går parallelt med stasjonsområde i retning Bø Mølle og Felleskjøpet. Her pågår det eit stort arbeid med ombygging av uteområdet for p gjere plass til fleire parkeringsplassar. Foto: Øystein Akselberg

Forslaget om å bygge ny Mølleveg har fått ei rekkje grunneigarar i det aktuelle området til å sende formell klage til Bø kommune. Bane NOR, fylkeskommunen og  vegvesenet er også involvert.

Områdereguleringsplan for Bø sentrum var fjorårets store plansak i Bø. Mest fokus fekk forslaga om å ta vekk venstresvingefelt og busstopp i Bøgata. Medan andre diskuterte tema var bevaringsverdige bygg, sykkelveg gjennom Bøgata og flytting av Møllevegen.

Klager på plan

Fleirtalet av klagene går på flytting av Møllevegen til ny trasé. Det gjeld Felleskjøpet ved Agri Eiendom, eit fellesutspel frå kvartetten Grivi Eiendom ved Karstein Grivi, Svein Haugen as, Helge Solberg og Active Pluss as ved Kjell Rune Kilen.  Scala Eiendom (Bøsenteret) har også levert klage på planen.

– Me ser det som absolutt nødvendig at eksisterande Mølleveg ikkje blir flytta som foreslått i planen. Dette vil medføre at eit av dei gjenverande større utbyggingsområder i sentrum blir øydelagt. Me er ueinig i at det skal stillast rekkefølgekrav om at utbyggar må bekoste angåande trafikktryggleik m.m., seier dei fire lokale grunneigarane i sin klage, og legg til at rekkefølgekrav vil medføre at dette området ikkje kan brukast til utbygging da kostnader blir uhensiktsmessig store.

Klagene er venta å kome opp i planutvalet sitt førstkomande møte, 29. januar. Arealplanleggar Kristin Karlbom Dahle seier at Bø kommune ser på flytting av dagens Mølleveg som viktig for infrastrukturen i framtidas sentrum. Ein meiner at dagens kryss ved Bø stasjon har ei uheldig utforming og at ei flytting av Møllevegen vil gje ein betre skuleveg og ein avlastingsveg for trafikken som går via rundkøyringa.