2019-09 Kongebesøk flagg

Klar for folkefest i Bø

Flagget vaier på Bø torg måndag føremiddag. I dag får bygda besøk av kongeparet.

Foto: Hilde Eika Nesje

Kongeparet kjem for å feire at Gullbring kulturanlegg er 25 år i år, og skal vere med på folkefest både der og andre stader i bygda i løpet av dagen.

Barn og unge, eldre og andre vaksne har nå rigga seg til i Gullbring, klare for å ønskje H.M. Kong Harald og H.M. Dronning Sonja velkommen. Bakgrunnnen for besøket er ein invitasjon som dåverande ordførar Olav Kasland sendte til kongeparet i fjor haust. Kongeparet har aldri vore på offisielt besøk i Bø, og rekk akkurat å besøke kommunen før samanslåinga med Sauherad frå nyttår 2020.

Kongeparet kjem med bil til Gullbring kulturanlegg og blir møtt av fungerandre fylkesmann i Vestfold og Telemark, Hans Bakke, og ordførar i Bø, Borgar Kaasa, samt politimeister Christine Fossen. Blomsterbarn er Nora Forberg Jørum frå klasse 3B på Bø skule og elev i kulturskulen, og Kristian Stadskleiv Forberg, også han frå klasse 3B på Bø skule og representant for IL Skarphedin handball.