Sprintlandslaget ski 26. juni 2018 6931

Klar for skisprint i Bøgata

Trenar frå døra. Sprintlandslaget på ski samla framfor inngangsdøra til Bø hotell. Ein totimars treningstur stod på planen. F.v. medisinmann Torger Hansen, Sondre Turvoll Fossli, Finn Hågen Krogh, Eirik Brandsdal, Johannes Høsflot Klæbo, Sindre Bjørnestad Skar, Petter Northug jr. og sprinttrenar Arild Monsen. Foto: Øystein Akselberg

Sprintlandslaget på ski trenar i Bø denne veka. Mange har nok sett karane langs landevegen på rulleski eller møtt dei springande langs gangvegar eller i skogen. Det er tredje gongen sprintlandslaget har treningssamling i Bø og sprinttrenar Arilld Monsen er full av lovord om Bø som treningsarena. Han er svært nøgd med servicen på Bø hotell og opplegget til TelemarksVeka og Sommarland skifestival. Ski-esset Petter Northug jr er med på si første samling i Bø. Både han og resten av laget er klar for både skisprint i Bøgata laurdag og Kanlrennet i Lunde sundag. Kanskje blir det duell mellom Petter Northug jr og kometen Johannes Høsflot Klæbo i Bøgata laurdag kveld?