Sosiale medium

Bø i Telemark
33
4°C
 

Dato

Fredag 16. november 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Kommunen har 14 dagar på å betale

Høgsterett har gitt tidlegare kommunelege Katarzyna Jachimowicz medhald i saka mot Sauherad kommune. Foto: Roald Marker, NRK

 

 

Katarzyna Jachimowicz vann spiral-saka i Høgsterett

Sauherad kommune tapte rettsaka om spiral-nekt og må betale legen 2,5 millionar kroner. Forsvarsdvokaten meiner dommen viser at legen vart krenka. Det gjeld og to legar i Bø.

Høgsterett har gitt tidlegare kommunelege Katarzyna Jachimowicz medhald. Det var ulovleg å seie ho opp fordi ho hadde reservert seg mot å setje inn spiral slik Sauherad kommunen gjorde i 2015. Kommunen må også dekke legen sine sakskostnader på 2,5 millionar kroner og i tillegg betale erstatning.

– Me er veldig overraska og skuffa. Me har følgd dei pålegga frå staten som me har fått og så sit me att med rekninga. Det synest eg er veldig overraskande, seier Mette Haugholt, ordførar i Sauherad.

Ho seier at kommunen vil skrive brev til Fylkesmannen og be om at staten dekker kostnadane med saka.

Brukar disposisjonsfondet

Rådmann Åse Egeland arbeidde fredag med å lage sak til kommunestyremøtet neste torsdag. Då må politikarane gje dei nødvendige fullmaktene, pengane skal betalast innan 14 dagar. Ho opplyser at ein vil ta pengane frå disposisjonsfondet. Egeland peikar på at Sauherad kommune har opptredd på vegner at alle norske kommunar. Når det gjeld erstatninga så seier Egeland at det blir ei forhandlingssak.

– De har lege under at ein kommune måtte køyre sak på dette. Fastlegeforskrifta vart endra og ein meiner at legen må gjere den jobben som staten har bede om, seier Egeland.

Ho opplyser at Sauherad kommune har følgd dei råda ein har fått frå KS (kommunane sin organisasjon).

Urimeleg behandla

– Dommen viser at Jachimowicz har blitt behandla urimeleg. Det gjeld alle fastlegar med tilsvarande avtale,  som dei i Bø, seier høgsterettsadvokat Håkon Bleken som har førd saka for den tilegare fastlege i Sauherad.

Bleken meiner at dommen viser at dei andre fastlegane som har reservert seg har blitt pressa ut av stillingane sine på eit urimeleg vilkår.

Legane Dag Sele og Ole Andre Skalstad ved Bø legesenter hadde liknande reservasjonar og slutta ved Bø legesenter i 2014. Dei slutta etter at Helse- og omsorgsdepartementet hadde sagt nei til ordninga ein hadde i Bø med felleslister der ein let andre legar utføre oppgåvene ein reserverte seg mot. Dei to uttalte til Bø blad at sidan dei ikkje hadde Bø kommune si støtte lenger så valde dei å seie opp sjølve.

Les meir i saka i papiravisa eller e-avisa torsdag.

 

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje