2019-10 Kongepar folkehav

Kongeparet møtte folkehav

Amfiet i Gullbring var smekkfullt da kongeparet kom på besøk til Bø.
Foto: Gro Birgitte Røiland

Eit nydeleg haustvêr, med mykje vind, møtte H.M. Kong Harald og H.M. Dronning Sonja da dei kom til Bø klokka 12 i dag. Eit folkehav hadde samla seg i uteamfiet til Gullbring kulturanlegg.

Blomsterbarn

Etter å ha blitt ønskt velkomen av fungerande fylkesmann i Vestfold og Telemark, Hans Bakke, Bø-ordførar Borgar Kaasa og politimeister Christine Fossen, fekk kongeparet blomstrar av to spente bøheringar i klasse 3B ved Bø skule. Nora Forberg Jørum og Kristian Stadskleiv Forberg gjorde jobben sin bra, og sjarmerte kongeparet ved overrekkinga.

Leigetakar-prat

På veg mot sceneområdet fekk kongeparet helse på ei aktivitetsgruppe ved Frisklivsentralen og snakke med frisklivkoordinater for Midt-Telemark Frisklivsentral, Svein Ivar Forberg og Helene Haugersveen Kiserud. Fysioterapeutane held til i kulturhuset.

Kongeparet fekk også ein kort prat med IL Skarphedin si handballgruppe, som er ein viktig leigetakar i Gullbring. Her var det dagleg leiar, trenar og dommar Lars Jørum og styreleiar i handballgruppa som representerte.

Song frå ungane

240 ungar frå alle barnehagane i Bø og Sauherad ønskte kongeparet velkommen til amfiet ved å synge songen «Alle treng nokon», og den store gjengen blei dirigert av Aslaug Momrak Langkås.

Dans og spel

Vel installert ved scena fekk kongeparet oppleve eit rikhaldig kulturprogram frå scena, med journalist og folkedansar Ingebjørg Bø og student og musikar Audun Rørmark som konferansierar. Begge underheldt også på scena.

Ingebjørg Bø dansa med Ola Narverud, som ho blei noregsmeister i dans klasse A med på landskappleiken både i 2017 og 2019. Prisvinnande spelemann frå Bø, Ottar Kåsa spela fele til dansen.

Rørmark spela med Midt-Telemark Allstars, ei gruppe sett saman av unge, etablerte musikarar med bakgrunn frå kulturskulane i Midt-Telemark.

På scena blei det også lest dikt ved Eldrid Lunden, professor i skjønnlitterær skrivekunst, og tidlegare forfattarstudent Kristine Søgnen.

Nytt ordførarkjede

Avduking av det nye ordførarkjedet for Midt-Telemark kommune og samtale med gullsmed Gunnbjørg Listog stod også på programmet. Den nye ordføraren som blei konstituert tidlegare i dag fekk deretter overrekt kjedet av handverkaren.

Sceneprogrammet blei avslutta med breakdans og hallingdans av unge dansarar i kulturskulen.

Blomsterbarna Nora Forberg Jørum og Kristian Stadskleiv Forberg overrekkjer blomstrar til kongeparet. Foto: Gro Birgitte Røiland
Fungerande fylkesmann i Vestfold og Telemark, Hans Bakke frå Bø, følgde H.M. Dronning Sonja til Gullbring-scena. Foto: Gro Birgitte Røiland
H.M. Kong Harald blei ønskt velkomen av Bø-ordførar Borgar Kaasa.
Foto: Gro Birgitte Røiland
Kongeparet på plass framfor sena.
Foto: Gro Birgitte Røiland
Forestillinga i Gullbring blei leia av konferansierane Ingebjørg Bø og Audun Rørmark.
Foto: Gro Birgitte Røiland