VIKTIGE INNTEKTER. Cupane og festivalane knytt til Sommarland i juni blir truleg avlyst denne veka. Det betyr milliontap for dei lokale arrangørane.
SOMMARLANDFESTIVALEN 2019: No kan arrangøren av cupar og festivalar i Bø i juni puste letta ut etter måndagens heilomvending om leigekostnadane for bruk av skular til overnatting. Bilde frå den offisielle opninga av 2019-utgåva av Sommarlandfestivalen. Arkivfoto: Øystein Akselberg

Korpsfestivalen er i gang

Opning på torget. 1300 musikantar på torgplassen i samspel under den offisielle opning. Foto: Øystein Akselberg

Den 29. Sommarlandfestivalen for korps og kor blei marsjert og blåst i gang med offisiell opning på Bø torg i kveld. 38 ulike korps og kor er med, noko som betyr cirka 1300 deltakarar. I morgo, laurdag, kan publikum møte musikantane i Sommarland, Sønstebøtunet, Bø kyrkje. Laurdag kveld er det arrangement i Gullbring-amfi.